Quiltelag i Norge

mandag 10. mars 2014

MEDLEMSMØTE

Minner om medlemsmøtet 25 mars kl 18.30.
Sjå halvårsplanen.

Sydag

Dette er ikkje arrangert av Førde Quiltelag, men det vert lagt inn her fordi det vart diskutert  om vi ville ha ein sydag på siste medlemsmøte.
Vi valde å utsette det til hausten, men denne sydagen er for alle.

Sydag
Onsdag 19/3. Heile dagen
Har du lyst til å sy ilag med andre "sydamer"?
Denne dagen har du anledning til det på Trapp Ned i Førde.
Dette er ikkje kurs, berre ein sydag.
Det er ein anledning å komme saman med andre likesinna og både sy, hjelpe kvarandre og å hente inspirasjon.
Du kan komme når det passar og sy så lenge du vil. Vi startar opp når butikken åpnar og avsluttar sånn rundt kl 21.00
Er du på jobb denne dagen, så kan du komme etter arbeidstid.
Alle er hjarteleg velkommen til ein trivelig dag.

Medlemsmøte 25 februar 2014

På medlemsmøtet 25 februar var det godt oppmøte.
Det var svært kjekt at det kom tre nye, og eg håpar at de kjem att på møtene våre

Som vanlig var det Vis og Fortell, og det var mykje fint å sjå både av store og små arbeid. Til og med litt klede vart vist fram.